Åkersnella
Pelsmagi for lang og krøllete pels
Pelsmagi for lang og krøllete pels
Vanlig pris
250,00 NOK
Vanlig pris
Salgspris
250,00 NOK
Inkludert avgifter.
Frakt beregnes ved kassen.
Antall
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Pelsmagi: Lang og krøllete pels – Temmar flokar og gjev silkeaktig glans
Dette er spesialolja for hundar som krev det vesle ekstra. Med ein base av lett solsikkeolje og pleiande jojobaolje, gjev denne blandinga fuktigheit og elastisitet til lange hårstrå og krøller. Olja gjer pelsen smidig og mjuk, noko som gjer han lettare å gre ut og meir motstandsdyktig mot nye flokar. Hampfrøolja tilfører essensielle feittsyrer som gjev god næring til huda, medan E-vitamin beskyttar pelsen mot ytre påverknader.
Fordelar: Gjer børstinga enklare, motverkar statisk pels og gjev ein fantastisk show-glans.
Innhald og ingrediensar: 100 % naturlege planteoljer, Helianthus Annuus Seed Oil (solsikkeolje), Simmondsia Chinensis Seed Oil (jojobaolje), Cannabis Sativa Seed Oil (hampfrøolje) og Tocopherol (vitamin E).
Slik bruker du Pelsmagi til lang og krøllete pels:
- Ved børsting: Påfør nokre dropar på hendene og fordel dei i tuppane ennen du børstar for å motverke slitasje på håret.
- Som floke-løysar: Påfør olja direkte på floken, lèt ho verke i 1–2 minutt, og lirkar floken forsiktig frå kvarandre med fingrane før du bruker kam.
- Etter bad: Påfør olja i lett fuktig pels (berre i lengdene) før føning for å få eit silkemykt resultat.
Viktig informasjon: Berre til utvortes bruk på dyr, unngå kontakt med auga, og produktet må oppbevarast utilgjengeleg for barn. Olja skal lagrast mørkt og kjølig for best mogleg haldbarheit, og du må unngå direkte sollys.
Flasken inneheld 30 ml.
