Om oss og Åkersnellas produkter
Hei. Eg heiter Mai Linn og er utdanna jordmor.
Eg lagar all hudpleie sjølv på Voss, i små parti.
Åkersnella er eit resultat av mi interesse for urtemedisin og naturpreparat.
Kvalitet er viktig for Åkersnella. Produkta vil i all hovudsak vera økologiske og råstoff av god kvalitet. Urter vil så langt som mogleg plukkast på Voss og Stamnes.
Produkta vert produserte i små parti, med god kunnskap, god hygiene og mykje omtanke og kjærleik.
Nøgdgaranti (mot retur av produktet). Det er viktig å hugsa på tilpassingsperioden, der ein kan få ureiningar/kviser dei første vekene – ein bør merka endring etter 1 månad. Opplever du ingen effekt, så avslutt bruken av produktet i 2–4 veker og sjå om det gjer ein skilnad. Ta allergitesten før bruk: ta produktet på eit lite område på underarmen for å sjå etter reaksjon.
Haldbarheit er stort sett 1 år frå produksjon, men ofte lengre. Det vert tilrådd å bruka spatel i salvekrukkene for å unngå kontaminering, noko som kan påverka haldbarheita.
Me har valt å fjerna vatn frå produkta våre. Ved å basera formelen på pleiande oljer i staden for vatn, oppnår me eit naturleg produkt heilt utan behov for konserveringsmiddel. Dette gjer produktet høgkonsentrert og svært drøgt. Du treng berre ei lita mengd for å dekka eit større område – start med eit tynt lag og la oljene trekkja inn.
Varene som vert kjøpte på nett, vert sende i posten innan nokre dagar. Dei kan òg hentast (Voss/Stamnes). Dette kan avtalast på e-post eller mobil.
Hudpleieprodukta våre er 100 % cruelty-free og aldri testa på dyr.