Åkersnella
Kvilepuls Kroppssalve - for deg med tørr hud
Kvilepuls Kroppssalve - for deg med tørr hud
Vanlig pris
290,00 NOK
Vanlig pris
Salgspris
290,00 NOK
Inkludert avgifter.
Frakt beregnes ved kassen.
Antall
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Kvilepuls Kroppssalve med Lavendel & Ringblomst – Beroligande og pleiande
En rik og pleiande salve utvikla for å gje intensiv omsorg til tørr og sensitiv hud. Denne salva kombinerer dei gode eigenskapane frå ringblomst med den beroligande effekten av lavendel, i ein base av fuktighetsgjevande oljer og beskyttande bivoks. Salva dannar ei lett barriere på huda som held på fuktigheita og beskytter mot ytre påverknader som vêr og vind. Perfekt for tørre olbogar, aktive hender, eller som ei beroligande salve for heile kroppen.
Nøkkelingrediensar:
- Ringblomstuttrekk: Kjent for dei pleiande og lindrande eigenskapane sine på tørr og utsett hud.
- Lavendeluttrekk: Verkar beroligande og gjev ein mild, naturleg duft.
- Tistelolje: Ei lett olje som trekkjer godt inn og sørgjer for at salva kjennest behageleg på huda.
- Bivoks: Gjev salva den faste konsistensen sin og fungerer som eit naturleg vern for huda.
- Vitamin E: Ein kraftig antioksidant som beskyttar både huda og oljene i produktet.
Eigenskapar:
- Vassfri og svært drøy i bruk.
- Utan eteriske oljer – berre milde uttrekk frå eigne planter.
- 100 % naturlege ingrediensar.
Slik bruker du Kvilepuls Kroppssalve:
- Varm opp: Bruk ein spatel eller fingertuppen til å hente ut ei lita mengd salve. Varm ho opp mellom fingrane til ho tek til å smelte.
- Målretta pleie: Masser salva inn på område som treng ekstra omsorg, som tørre olbogar, kne, aktive hender eller negleband.
- Beskyttelse: Påfør gjerne salva før du går ut i kulda eller skal bruke hendene aktivt for å motverke uttørking.
- Tips: Har du veldig tørre føter? Smør eit godt lag med salve på føtene før du legg deg, og ta på bomullssokkar for ei intensiv nattkur.
Innhald og ingrediensar: 100 % naturlege ingrediensar som inneheld Helianthus Annuus Seed Oil (solsikkeolje), Carthamus Tinctorius Seed Oil (tistelolje), Cera Alba (bivoks), Lavandula Angustifolia Flower Extract (lavendeluttrekk), Calendula Officinalis Flower Extract (ringblomstuttrekk) og Tocopherol (vitamin E).
Viktig informasjon: Når du startar med eit nytt og naturleg produkt, kan huda bruke litt tid på å venne seg til dei rike ingrediensane. Ved regelmessig bruk vil du merke at huda kjennest meir balansert og smidig. Det tilrådast å ta ein allergitest ved å påføre eit tynt lag på eit lite område på underarmen og la det verke i 20–30 minutt.
Berre til utvortes bruk.
Krukka inneheld 50 ml.
